onsdag 19. juni 2013

Noreg - ein framtidig biogassnasjon?

 
Av Kristian Fjørtoft, stipendiat ved Institutt for matematiske realfag og teknologi (IMT), Universitet for Miljø og Biovitenskap (UMB)


Svar: Nei!

Det er lite truleg at biogass , i overskodeleg framtid, vil utgjere ein betydeleg del av BNP i Noreg. Like  vel kan biogass utgjere ein særs verdifull del av det framtidige biletet der fornybar energi skal dekkje ein stadig større del av Noreg sitt energibehov.

I arbeidet mitt her ved UMB har eg mellom anna sett på sett på forbehandling av halm og samrotning av storfegjødsel med ulike tilleggssubstrat. Det er eigentleg ganske utruleg at mikroorganismar dannar høgverdig kjemisk energi frå avfall og gjødsel. I følgje Raadal et.al. (2008) kan avfall og biprodukt på landsbasis gje seks TWh i året i form av biogass. Etter utrotninga vil substratet ved eit gardsbiogassanlegg verte nytta til gjødsel på åker til ny fôr- og matproduksjon. Næringsemna har gjennom prosessen ikkje berre vorte bevart men også gjort meir plantetilgjengeleg. Såleis styrker ein grunnlaget for matproduksjon for komande generasjonar samstundes som ein hentar ut fornybar energi.

Frå ein kubikkmeter med flytande storfegjødsel har vi i forsøk fått over 90 kWh energi i form av metan, medan frå matavfall har vi fått over 900 kWh per kubikkmeter. Biogassproduksjonen vil variere etter innhald av organisk tørrstoff i substrata, samt kor lett dei let seg bryte ned. Det å flytte store mengder gjødsel til sentrale anlegg, vil truleg påvirke den totale energibalansen negativt. I Sverige og Danmark har ein no byrja å sjå på konsept der ein har biogassanlegg ute på dei enkelte gardsbruka og i staden sender gassen gjennom røyr til sentral oppgradering. Matavfallet vert i dag til ei viss grad nytta til produksjon av biogass ved sentrale anlegg. Ein del vert til dømes skipa til biogassanlegg i Danmark. Matavfall og andre energirike tilleggssubstrat bør heller nyttast ved norske anlegg, og slik styrke den nasjonale produksjonen av fornybar energi. Det å bruke fossil energi på å transporterer energi og næringsstoff ut av landet er svært lite framtidsretta.

Biogass består av om lag 60 prosent metan. Etter ei enkel oppgradering kan difor biogass erstatte naturgass. LBG (Liquid biogas) vil såleis kunne erstatte LNG (Liquid natural gas) og vere eit godt alternativ for skip og langtransport etter veg, medan CBG (Compressed biogas) vil kunne erstatte CNG (Compressed natural gas) og vere drivstoff for bussar og personbilar med lang rekkevidde. Av metan frå biogass kan ein også syntetisk lage metanol, som via produksjon av formaldehyd kan verte nytta i produksjon av plastikk og måling. Metanol kan også verte nytta i produksjonen av biodiesel. Viktigaste bruksområdet vil truleg like vel vere å nytte metanen til drivstoff.

Biogass vil såleis kunne vere ein viktig del av det framtidige energibiletet både i Noreg og internasjonalt.


Referansar:

Raadal, H. L., Schakenda, V., Morken, J., 2008. Potensialstudie for biogass i Norge. Rapport . Østfoldforskning og Universitetet for miljø og biovitenskap.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar